søndag 17. juli 2011

Rotur med 1700 års båtsoge

I dag vart Halsnøybåten, Gokstadfæringen og eine Oselvaren gjort klare og rodde utpå. Dagens tur var ein test før morgondagens opptak til ein fjernsynsdokumentar om norske klinkbygde båtar. Turen gjekk fyrst gjennom hamna på Husavik, dinest utpå Skjálfandi-fjorden der det var presisjonsroing for fotografane Ole Vidar og Bente, som båe knipsa friskt. Dette er fyrste gongen desse tre båtane har vore samla på fjorden. Foto: Kjell Magnus Økland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar